Steinvendar

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Steinvendar
Remove ads

Steinvendar (Arenaria interpres) er ein fugl i snipefamilien. Han er ein trekkfugl med eit vidt utbreiingsområde som hekkar i nordlege delar av Eurasia og Nord-Amerika og flyg sør om vinteren til kystområde nesten over heile verda.

Thumb
Steinvendaregg
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Steinvendar er liten og ganske tettbygd med ei lengd på 22–24 cm og eit vingespenn på 50–57 cm. Han veg 85–150 g. Nebbet er mørkt, kileforma og noko oppovervend, og blir 2–2.5 cm langt. Føtene på 3,5 cm er ganske korte og sterkt oransjefarga. Fjørdrakten er spragla i svart, kvitt og brunt på oversida. Utanfor hekketida har vaksne fuglar mørke gråbrune overdelar med svarte felkkar, mørkt hovud med noko kvitfarge og kvit underside. I hekketida er fuglane meir fargerike og overdelen er raud-brun med svarte flekkar. Brystet er hovudsakleg svart med ein kvit flekk på sida. Undersida er kvit. Hovudet er hovudsakleg kvitt med svarte strekar på krona og eit svart mønster i fjeset. Ho er noko mindre fargerik medan hannen har eit brunare hovud med meir strekmønster. Ungfuglar har eit lysebrunt hovud og lyse kantar på fjørene slik at dei minnar om skjel.

Remove ads

Utbreiing

I hekketida lever fuglen på nordlege breiddegarder, sjeldan meir enn nokre kilometer frå havet. Underarten A. i. morinella finst i Nord-Alaska og arktisk Canada så langt aust som Baffin-øya. A. i. interpres hekkar i Vest-Alaska, på Ellesmere-øya og Grønland, i Skandinavia, Estland og nordlege Russland. Tidlegare hadde han eit større utbreiingsområde.

I Amerika overvintrar fuglen langs kysten frå Washington og Massachusetts heilt til sørspissen av Sør-Amerika, sjølv om han er sjeldan sør i Chile og Argentina. I Europa overvintrar han vest på Island, i Noreg og Danmark og lengre sør. Berre eit fåtals fuglar held til ved middelhavskysten. I Afrika er han utbreidd heilt sør til Sør-Afrika og på øyar utanfor kysten. I Asia finst han i sørlege område og så langt nord som Sør-Kina og Japan (hovudsakleg Ryuku-øyane). I Oseania opptrer han så langt sør som Tasmania og New Zealand, og overvintrer på ei rekkje stillehavsøyar. Ikkje-hekkande fuglar kan bli verande i overvintringsområdet heile året.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads