Sterk Naken og Biltyvene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sterk Naken og Biltyvene (SNoB) var eit norsk orkester frå Oslo som vart skipa i 1984 av Leif Helgeland og Jan Lier med Selveste Birger Baraldsnes som manager. Bandet hadde gjennom åra ei rekkje profilerte medlemmar, mellom anna Jan Dahlen, Per Vestaby og Michael Krohn. Orkesternamnet var «omsett» frå den amerikanske gruppa Stark Naked and the Car Thieves.[1]
SNoB fekk gjennombrotet med songen «Sommerlykke» i 1989. NRK nekta å spela songen på grunn av tekstlina «Jeg har ingenting på, jeg har en kjempesvær stå».[2]
Tekstane til SNoBs var prega av finurlegheiter og eksplisitt språk. Songane vart snakke-sungne av vokalist Helgeland, og tok for seg både klassiske popmusikktemaer, oftast kjærleik, men med ein original vri, og meir originale tema. Den siste plata til bandet var albumet Brenn lille venn frå 2000, og den siste konserten var i 2005.[3]
Den siste innspelinga til Orkesteret var «Party», eit bidrag til hyllestplata for Raga Rockers Sannhet på boks (2015).[4] Gitarist Jessen døydde i 2008, manager Baraldsnes døydde i 2013 og vokalist Helgeland døydde i 2022.[5]
Remove ads
Medlemmar (utval)
- Kristin Evjenth – vokal, tangentar, perkusjon (1990–2005)
- Leif Helgeland – tekstforfattar/stemme (1984–2005)
- Per Vestaby – bass (1984–1988)
- Bjørn Ranstorp – komponist, bass, gitar, programmering (1989)
- Bjørn E. Pettersen – komponist, bass, gitar, tangentar (1990–2005)
- Jan Dahlen – gitar, vokal (1984–1988)
- Søren Jessen – gitar, mandolin (1990–2000)
- Jan Lier – komponist/gitar, synth, piano (1984–2005)
- Ola Snortheim – slagverk (1997–2000)
- Michael Krohn – slagverk (1984–1988)
- Jan Arne Kristiansen – slagverk (1990–1994)
- Per Ole Oftedal – slagverk (1995–1996)
- Grete Valstad – kor (1989–1991)
- Mette Tunold-Hanssen - vokal (1989)
- Jannicke Spillmer Klohs - kor (1984-1988)
- Magnhild Otnes - kor (1984–1988)
- Siri Kongsgaarden - kor (1984–1988)
Remove ads
Utgjevingar
Album
- Ingen gud, ingen herre, alt for kjærligheten – 1990
- SNoB II: Elskede! – 1992
- Tretten døde roser – 1994
- Det grå albumet (ikkje utgjeve) – 1995
- Å, du altså (alt det gode gjør vi om igjen) – 1995
- Brenn lille venn – 2000
Singlar
- «Sommerlykke» – 1989
- «Juleglede» – 1990
- «De friske åndedrag» – 1990
- «Den ensomme obdusenten» / «Fløtt deg, vi skal danse» – 1990
- «Lille dukke» – 1993
- «Rose Marie» – 1994
- «Juleglede» – 1994
- «Hva med stakkars meg da» – 1995
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads