Sterk storm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sterk storm er vindstyrke 11 i Beaufortskalaen og den sterkaste av stormkategoriane. Vindsnøggleiekn er då 28,5 til 32,6 m/s eller 103–117 km/t. Den eldre sjønemninga av vindstyrken er òg sterk storm.

Verknad på land
Opptrer sjeldan og fører til store øydeleggingar.
Verknad i fjellet
Vegar og jernbanelinjer vert blokkerte. Det er kaos på telefon- og straumnettet. Skog vert rasert.
Verknad til sjøs
Særs høge bølgjer, 11,5 til 16 meter. Små og mellomstore skip kan for ei stund forsvinne i bølgjedalane. Sjøen er fullstendig dekt av lange, kvite skumflak som ligg i vindretninga. Overalt bles bølgjekammane til frådeliknande skum. Sjørokket set ned sikta.
Andre språk
Kjelder
«sterk_storm» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads