Steven Gerrard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Steven Gerrard
Remove ads

Steven George Gerrard MBE (fødd 30. mai 1980 i Whiston i Merseyside) er ein engelsk fotballsplar. Han har òg vore kaptein på England sitt herrelandslag i fotball. Han vart utnemnd til medlem av Den britiske imperieordenen (MBE) i 2006. Den 3. april 2009 skreiv Gerrard under på ein kontrakt som knytte han til Liverpool ut 2013-sesongen.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Thumb
Gerrard i EM i fotball 2012
Remove ads

Klubbfotball

Liverpool

Gerrard debuterte som 18-åring på førstelaget til Liverpool FC i november 1998, då han kom inn som innbytar for Vegard Heggem.

Meisterliga-finalen 2005

25. mai 2005, då dei raude frå Anfield snudde 0-3 til 3-3 på knappe fem minutt, vart Gerrard ein av heltane i Liverpool, med blant anna sitt 1–3-mål[1] som han nikka inn etter eit innlegg frå Riise. Dei to andre måla kom frå Vladimír Šmicer og Xabi Alonso. Etter ekstraomgangar og ein dramatisk straffespark-konkurranse kunne Gerrard endeleg, som Liverpool-kaptein, motta trofeet til odel og eige, etter Liverpool sin femte triumf i Champions League. Han vart òg kåra til banens beste i finalen.

I ettertid vart det sagt at Gerrard kasta kona ut av senga, og tilbrakte natta etter finalesigeren med Champions League-pokalen.

How can I ever leave after this!?

I 2005 gjekk det rykter om at Gerrard ønska ein overgang til rivalen Chelsea FC. Ironisk nok skjedde det etter at Liverpool hadde slått Chelsea ut av Champions League og vunne heile turneringa. Etter at Liverpool vann turneringa feide Gerrard vekk alle spekulasjonar om ein eventuell overgang til Chelsea då han svarte ein journalist «How can I ever leave after this?!». Nesten-overgangen enda til slutt med at han skreiv under på ein ny fireårskontrakt. Gerrard kom seinare ut med ei offentleg orsaking til fansen etter alle desse spekulasjonane.

Remove ads

Landslag

Landslagsdebuten kom dagen etter at han fylte 20 år, i England sin 2–0-seier over Ukraina 31. mai 2000. Same året vart han tatt med til EM. Han var og med i England sin EM-tropp i 2004 og seinast i 2012. Under meisterskapen i 2012 var Gerrard kaptein og var England sin beste spelar før laget røyk ut i kvartfinalen mot Italia. Når det gjeld VM-sluttspel, var meisterskapen i Tyskland i 2006 hans første. Under VM i 2010 i Sør-Afrika var Gerrard lagkaptein og vart i fleire media kåra til England sin beste spelar.

Merittar

  • Vinnar av Meisterligaen: 2005 med Liverpool FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2001 og 2006 med Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003, 2012 med Liverpool FC
  • Finalist i Meisterligaen: 2007 med Liverpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 2012 med Liverpool FC
  • Finalist i den engelske ligacupen: 2005 med Liverpool FC
Remove ads

Personlege utmerkingar

  • 2001: PFA Årets unge spelar
  • 2004/05: Mest verdifulle spelar i UEFA Champions League
  • 2006: PFA Årets spelar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads