Still Life av Van der Graaf Generator

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Still Life er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, gjeve ut i 1976. Det var det andre albumet deira etter dei kom saman att i 1975, etter Godbluff. Ei ommastra utgåve kom ut i 2005 med eitt konsertopptak som bonusspor.

Meir informasjon Van der Graaf Generator-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget var fotografert av Paul Brierley, og syner ein Lichtenberg-figur. Biletet vart skildra av journalisten Geoff Barton i Sounds: «Det er faktisk eit stillbilete av den elektriske utladninga frå ein verkeleg Van de Graaff-generator, sett i akryl.»[3]

Respons

Geoff Barton i Sounds skreiv: «Der 'Still Life' er betre enn dei førre platene deira er i den presise og nøyaktige reproduksjonen av vokalen til Hammill. Han 'syng' eigentleg aldri, det er i staden mumling, rop, skrik og snakking, og denne variasjonen har tidlegare vore særs vanskeleg for lydteknikarar å fange. Her kan ein høyre kvar einaste stille nyanse i stemmebanda med stor suksess, noko som skapar større variasjon, ei mengd lys og mørke. Still Life er eit essensielt album. Om du syns du har problem, høyr på Hammill sine og du vil truleg aldri nokon gong uroa deg over noko uviktig igjen.»[4]

Jonathan Barnett i New Musical Express skildra songane på albumet: «Dei startar med den typen sjukeleg overfølsemd, du veit... irriterande, eksistensialistiske replikkar, akkompagnert av fordekte, svirrande, maniske melodiar som understrekar personlegdomssorienteringa til heile greia.»[5]

Steven McDonald i AllMusic skreiv at songane til Hammill er «..eit dødt løp på eit grandiost konsept eller to - konsekvensane av udødelegheit på tittelsporet, og den store lagnaden til menneskeheita på den episke 'Childlike Faith in Childhood's End'.» McDonald konkluderer: «Det verkelege høgdepunktet er derimot den vakre, tankefulle «My Room (Waiting for Wonderland)», med sine ekko av fantasi og tap. Hammill oppnådde ikkje noko så smertefullt vakkert igjen før «This Side of the Looking Glass» på Over[2]

I eit intervju i Mojo i 2002 sa Hugh Banton: «Eg hugsar me gjorde Still Life, som truleg er favoritt albumet mitt av Van der Graaf, og Charisma kom og sa 'Åh, dette er berre eit mellombels album'. Mellombels album!? Me lagar ikkje mellombelse album!»[6]

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Teknisk

  • Pat Moran – lydteknikar, miksing
  • Arun – lakkskjering
  • Mike Van der Vord – fotografi (bakside)
  • Paul Brierley – fotografi (framside)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads