Stockport

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stockportmap
Remove ads

Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey. Stockport er den største kommunen i Metropolitan Borough of Stockport, og hadde ved folketeljinga i 2001 eit innbyggjartal på 136 082.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1800-talet var likevel den leiande industriverksemda til Stockport innan bomull og tilknytte industriar. Stockport var òg senter for hatt-industrien i landet, og eksporterte i 1884 over seks millionar hattar per år. I desember 1997 vart den siste hattefabrikken i Stockport stengd. Hattehistoria til byen er bevart i hattemuseet «Hat Works».

Den vestlege innfarten til byen blir dominert av Stockport Viaduct. Han vart bygd i 1840 og viadukten har 27 teglsteinsbogar som fører hovudjernbanen frå Manchester til Birmingham og London over elva Mersey. Dette byggverket var bakgrunn på mange av måleria til L.S. Lowry.

Fotballaget til byen er Stockport County FC, som for tida (2010/11) spelar i Football League Two, det fjerde nivået i engelsk fotball. Dei spelar heimekampane sine på Edgeley Park.

Remove ads

Folketalsutvikling

Meir informasjon Folketalsutvikling i Stockport sidan 1901, År ...
Remove ads

Venskapsbyar

Kjende folk frå Stockport

  • Norman Foster (f. 1935) – arkitekt[5]
  • Peter Boardman (1950–1982) – fjellklatrar, døydde på Mount Everest.[6]
  • Peter Butterworth (1917-1978) – skodespelar, kjent frå Carry on-filmane[7]
  • Wendy Hiller (1912-2003) – skodespelar[8]
  • Sarah Harding (f. 1981) – songar/låtskrivar i popgruppa Girls Aloud[9]
  • Dominic Howard (f. 1977) – trommeslager i rockbandet Muse.[10]
  • Will Mellor (f. 1976) – skodespelar, kjent for rolla som Gaz i Two Pints of Lager and a Packet of Crisps.[11]
  • Dominic Monaghan (f. 1976) – skodespelar, kjent for rolla som Munti Brennibukk i Ringenes herre.[12]
  • Tim McInnerny (f. 1956) – skodespelar, kjent for rollene som Lord Percy og Captain Darling i Blackadder.[13]
  • Paul Morley (f. 1957) – musikkjournalist, musikar, produsent og grunnlegger av plateselskapet ZTT[14]
  • Fred Perry (1909–1995) – tennisspiller, Wimbledon-vinner.[15]
  • Daz Sampson (f.1974) – songar og plateprodusent, representerte Storbritannia under Eurovision Song Contest 2006.
  • Paul Warhurst (f.1969) – fotballspelar, spelte mellom anna for Blackburn Rovers, Bolton Wanderers, Oldham Athletic og Sheffield Wednesday.[16][17]
  • Joanne Whalley (f. 1964) – skodespelar
  • Joseph Whitworth (1803–1887): framståande viktoriansk ingeniør[18][19]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads