Stoltzekleiven

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stoltzekleiven
Remove ads

Stoltzekleiven er ein bratt sti i Bergen opp mot Sandviksfjellet. Namnet på stien skriv seg attende til Gerhard Stoltz (1833-1907), som var eigar av Frydenlund, og lét plante til fjellsida i 1873.

Thumb
Trapper i Stoltzekleiven.
Thumb
Stoltzekleiven

Kvart år i september arrangerer Varegg løpet Stoltzekleiven Opp. Løypa går frå Fjellveien, 200 meter sør for Bergen sekundærstasjon, og opp til skaret under Sandviksfløyen. Rekorden for menn er 7 minutt 58 sekund, for kvinner 9 minutt 35 sekund. Løypa har ei stigning på 313,5 meter og går over 801 trappetrinn. Løpet vart arrangert første gong i 1979 då det var 100-årsjubileum for «Fjellveien».[1]

Den 6. februar 2014 sette Bergen kommune opp ein teljar i Stoltzekleiven, som held oversikt over kor mange som brukar Stoltzekleiven kvar dag.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads