Stone Free
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Stone Free» er ein song av Jimi Hendrix, den første songen han skreiv.[1] The Jimi Hendrix Experience gav først songen ut i desember 1966 som B-sida til den første singelen til Hendrix, «Hey Joe». I desember 1969 vart «Stone Free» gjeven ut som singel i USA med «If 6 Was 9» som B-side.
Songen er ein av få songar av Hendrix spelt i standard stemming.[1] Han vart skriven på ein kveld, visstnok inspirert av ein jam i London. Basslinja liknar Mar-Keys-songen «Philly Dog».[2]
Remove ads
Historie
«Stone Free» vart spelt inn etter the Experience hadde signer med Track Records, og vart betalt for innspelinga av Track på førehand. Kit Lambert og Chris Stamp frå Track hadde arrangert for at selskapet skulle vere «lagt under» Polydor Records, som distribuerte utgjevinga deira. Han vart spelt inn i De Lane Lea Studios den 2. november 1966, og vart raskt populær som ein «hymne for motrørsla» med tekst av Hendrix som omhandlar ein rastlaus levemåte.[3]
Songen vart mykje spelt på konsertane til Hendrix og endra gradvis form og vart lausare og lengre. Inspirert av ein lang, kjend framføring i Royal Albert Hall i februar 1969[4] spelte Hendrix inn songen på ny i april same året[5] på Record Plant.[6]
Remove ads
Andre utgåver
Supergrass spelt inn ein versjon av songen som finst på singel og visse vinylutgåve av debutalbumet I Should Coco.
Stone Free: A Tribute to Jimi Hendrix var namnet på eit hyllestalbum for Jimi Hendrix frå 1993.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads