Stop Draggin' My Heart Around

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Stop Draggin' My Heart Around» var den første singelen til Stevie Nicks frå det førte soloalbumet hennar, Bella Donna. Det var den einaste songen på albumet som ikkje var skriven av Nicks, og var skriven av Tom Petty og Mike Campbell som ein song for Tom Petty and the Heartbreakers, men Jimmy Iovine, som arbeidde med begge på denne tida, fekk ordna det slik at Nicks spelte inn songen.[1] Petty song i lag med Nicks på refrenget og mellomspelet, medan heile bandet (utanom Ron Blair, som var erstatta av Donald «Duck» Dunn på bass) spelte på songen.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Eit studioopptak av songen vart nytta som musikkvideo. Videoen var den 25. musikkvideoen som vart spelt på MTV nokon gong, då MTV vart lansert 1. august 1981.[2]

Songen nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, der han låg seks veker på rad. I Storbritannia nådde songen berre 50. plass.

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Songen vart parodiert av «Weird Al» Yankovic som «Stop Draggin My Car Around» på debutalbumet hans.

My Morning Jacket og Neko Case spelte songen live i 2011.

Songen vart spelt inn av post-grunge-bandet Puddle of Mudd i 2011 på albumet Re:(plate)overed.

Jimmy Fallon og Stevie Nicks spelte songen i lag i ein gjenskaping av musikkvideoen frå 1981 på The Tonight Show den 9. april 2014.[12]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads