Stor skogfrue

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Stor skogfrue
Remove ads

Stor skogfrue (Cephalanthera damasonium) er ei plante i skogfrueslekta Cephalanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten finst ikke i Noreg.

Stor skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig Thumb

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Cephalanthera
Art: C. damasonium
Vitskapleg namn
Cephalanthera damasonium
(Mill.) Druce
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege og søraustlege Asia, nordvestlege Afrika
Remove ads

Utsjånad

Stor skogfrue liknar mykje på den nære slektningen kvit skogfrue, men kan bli noko større og har lengre og smalare blad.

Utbreiing

Stor skogfrue er utbreidd i store delar av Europa og i nokre område i Asia og Nord-Afrika.[3] Både i Sverige (svensk namn stor skogslilja) og i Danmark (dansk namn hvidgul skovlilje) er arten rekna som sårbar (VU). I Sverige finst han berre på Gotland, og i Danmark har han nokre veksestader på Sjælland og Møn.[4][5]

Stor skogfrue (engelsk namn white helleborine) veks fleire stader sør i England, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[6] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[7] likeeins lokalt for England.[8]

I Benelux er arten (nederlandsk namn bleek bosvogeltje, fransk namn céphalanthère blanchâtre) svært sjeldan i Nederland utanom i Limburg. Han er òg svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, der han berre finst i nordaust, men er noko vanlegare i Vallonia, mest i kalkområda i sør.[9][10] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd),[11] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[12][13] I Luxembourg er han rekna som nær truga (NT).[14]

Remove ads

Hybridar

Stor skogfrue kan danne hybridar med kvit skogfrue (Cephalanthera damasonium × longifolia eller Cephalanthera ×schulzei).[15] I Sverige er hybriden registrert på Gotland,[16] og på Dei britiske øyane i Hampshire og West Sussex.[17]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads