Store Venjetinden

fjell i Rauma kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Store Venjetinden
Remove ads

Store Venjetinden eller Store Vengetind er den høgaste toppen i Vengetindmassivet, 1852 moh.. Fjellet ligg i Rauma kommune i Romsdal.

Kjappe fakta Land, Område ...

Venjetindan er det høgaste fjellmassivet i Romsdalen, og kan by på det mest alpine terrenget i området. Her finn ein òg noko av det fastaste fjellet i Romsdalen, og fjellet er derfor eit populært mål for fjellklatring. Oppstiging går frå Venjesdalen, med tilkomst via bomveg frå Isfjorden.

Store Venjetind vart første gong klatra 18. august 1881 av den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby og Johannes Vigdal, via nordaustsida. Året etter kom dansken Carl Hall og lokale fjellførarane Erik Norahagen og Mattias Soggemoen til topps. Dei tre klatra fjellet via Nordryggen, og etablerte det som no vert rekna som normalvegen til toppen. Store Vengetind kan by på fleire alternative ruter av ulik vanskegrad, mellom anna klassikarane «Vesteggen», gått av Erik Heen og Karl Oshaug i 1930, og «Drømmediederet», gått av Hans Christian Doseth og Børge Austigård i 1984.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads