Storvassdammen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Storvassdammenmap
Remove ads

Storvassdammen er ein steinfyllingsdam i Bykle kommune. Han har tetningskjerne av asfalt og demmer opp Storvatn-delen av Blåsjø mot søraust. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er han den største fyllingsdammen i Noreg[1][2]. Over damkrona er han 1,4 km lang, og på det høgaste er han 90 meter høg. Den største breidda i botn er på 300 meter. Dammen var opphavleg planlagd med tetningskjerne av morene, men grunna 40 kilometers avstand til førekomsten ved Sandsavatnet blei han erstatta med ein kjerne av asfaltbetong. Denne er skråstilt, og smalnar i breidde frå 80 cm i botn til 50 cm på toppen. Sør for dammen ligg Storsteinen turistforeningshytter i ein smal korridor mellom Blåsjø og Svartevatn[3].

Thumb
Storvassdammen sett frå vest
Remove ads

Bilde

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads