Strange Brew
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Strange Brew» er ein song frå 1967 av den britiske supergruppa Cream. Han kom ut seint i mai det året som den første singelen frå albumet Disraeli Gears. Songen hadde Eric Clapton på solovokal i staden for Jack Bruce, som vanlegvis song i bandet. Singelen nådde 17. plass i Storbritannia i juni same året. Den britiske singelen var den siste Cream-singelen som vart gjeven ut på Reaction Records.
Remove ads
Bakgrunn
Etter Murray "the K" Show spelte Cream inn ein song kalla «Lawdy Mama» med Ahmet Ertegün ved Atlantic Studios i New York. Då Cream arbeidde med innspelinga av Disraeli Gears tok produsenten Felix Pappalardi lydbandet med «Lawdy Mama» og med hjelp frå kona hans Gail Collins omgjorde han songen til «Strange Brew», som i følgje Eric Clapton «skapte ein popsong utan å heilt øydeleggje det originale groovet.»[2]
Singelen gjekk inn på den britiske singellista den 10. juli 1967 på ein 43. plass og nådde 17. plass den 15. juli. Songen låg ni veker på lista.[3]
Remove ads
Medverkande
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads