Stratosfear

studioalbum av Tangerine Dream From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stratosfear er det åttande albumet og det sjuande studioalbumet til av den tyske gruppa Tangerine Dream.[3]

Meir informasjon Tangerine Dream-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Plata nådde 39. plassen på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i fire veker og selde etter kvart til sølvplate for 60 000 eksemplar.[4]

Remove ads

Innspeling

Nick Mason frå Pink Floyd laga den originale miksen av Stratosfear i april 1976 i Hansa by the Wall. På grunn av krangling mellom Tangerine Dream og Virgin vart denne miksen skrinlagd.[5]

Stratosfear kombinerer dei akustiske og elektroniske inspirasjonskjeldene til Tangerine Dream tettare enn dei hadde gjort før. Til dømes kan ein på siste sporet, «Invisible Limits» høyre ein djup piano/fløytemelodi med ein meir romantisk smak enn dei tidlegare syntetiske komposisjonane. Det var det siste studioalbumet til Peter Baumann med gruppa.

Det markerer byrjinga på ei ny retning for bandet, der dei gjekk bort frå den kompromisslause eksperimenteringa med synthesizerar frå tidleg i 1970-åra mot ein meir melodisk stil, ein trend dei heldt fram med på Force Majeure i 1979. Tittelsporet «Stratosfear» er mykje spelt på konsertane deira og har vorte miksa på ny for mange andre album.

Remove ads

Mottaking

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau «Eg respekterer synthesizerteksturane deira i teorien, men desse karane burde overlate tilgjengelegheita til Kraftwerk. Når dei programmerer i mottekne semiklassiske melodiar og set den automatiske trommemaskinen til 'bouncy swing,' er resultatet lydsporet til ei reiseskildring i rommet du ikkje har lyst til å sjå.»[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Singlar

  • «Stratosfear» – «The Big Sleep In Search Of Hades»

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads