Stress
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stress kan definerast som eit mønster av fysiologiske, åtferdsmessige, emosjonelle eller kognitive responsar til reelle eller imaginære stimuli som blir oppfatta som å hindra mål eller verkar truande.[1] Slike stimuli er ofte ubehagelege og blir kalla stressorar. Stressorar kan variera i omfang, frå naturkatastrofar og valdsopplevingar til trivielle dagleg hendingar som å sitja fast i trafikk eller halda tale for eit publikum. Kortvarig stress har vist å ha positiv effekt på helsa, medan langvarig stress har vist å kunne ha negativ innverknad på både fysisk og psykisk helse.[2]
Remove ads
Helsemessige konsekvensar
I ein akutt stressituasjon blir det autonome nervesystemet aktivert som gjer at kroppen blir innrett atil å handtera ein stressor. Dette skjer ved at HPA-aksen blir aktivert. Aktiveringa av HPA-aksen byrjar i hypotalamus og går via hypofysen til binyrene, der det fører til auka utskilling av adrenalin, noradrenalin og kortisol i blodomløpet. Desse hormonane set i gang ei rekkje prosesser i kroppen som blir kalla ein kjemp eller flykt-respons. Dette er ein adaptiv respons som førebur kroppen til å handtera stressoren gjennom å stansa mellombels aktivitet og frigjera energi til anten flukt eller kamp. Adrenalin og noradrenalin fører til auka puls og pustefrekvens, blodårer trekkjer seg saman og det blir frigjort glukose i musklane. Blodtilføringa blir ført bort frå fordøyingsorgan og ut til viktige muskelgrupper. Kortisol verker ved å frigjera glukose i skjelettmuskulatur og lever slik at blodsukkeret aukar. Kjemp eller flykt-responsen er dermed adaptiv for å handtera ein akutt stressituasjon. Dersom denne responsen held fram over lengre periodar, er særleg kortisol helseskadeleg ved at immunforsvaret blir svekka.[3]
Forskarar har funne ut at stamcellene som kontrollerer hud- og hårfarge blei fort øydelagde i mus som blei utsette for stress.[4]
Remove ads
Medisinsk omgrep
Stressomgrepet slik det blir brukt i dagens skulemedisin blei definert i 1936[5][6] av den ungarsk-austerriksk-kanadiske legen og biokjemikaren Hans Hugo Bruno Selye, ein spesialist i endokrinologi.[7]
Han kalla det General Adaptation Syndrome, som er tilstanden som menneske og dyr kan koma inn i når dei blir utsette for ekstremt stressande omstende. Han påviste at den biologiske stresstilstanden utviklar seg i tre fasar. Stressreaksjonen blir den same, uansett om dei stressande omstenda er fysiske/kjemiske/biologiske eller om dei er sosiale/psykiske.[8][9]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads