Stripeand
art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stripeand (Anas superciliosa) er ei mellomstor grasand i Anas-slekta som har leveområde frå Indonesia i vest, over Ny-Guinea, Australia, New Zealand og til øyar i sørvestre Stillehavet, like til Karolinane i Fransk Polynesia.
Remove ads
Skildring
Stripeanda er mørk brun, med markerte mørke striper på eit bleikt hovud, nebbet er grått. I flukt viser begge kjønn eit grønt vengespegl, speculum. Kroppslengda er ca. 55 centimeter og hannar veg ca. 1100 gram, hofuglar 100 gram mindre.
Dei føretrekk habitat i små innsjøar og elvar med svak straum i skogsområde, i våtmarksområde, men skyr unna landbruksområde og område med menneske. Dei lever òg på relativt små og fjerne øyar slik som Chathamøyane og Snareøyane.
Føda er først og fremst frø som dei siler ut frå vatnet, dessutan anna akvatisk vegetasjon. Ungfuglar og hoer før egglegging et mykje animalsk føde som virvellause dyr, sniglar og larver.
Egglegging skjer ofte frå slutten av august til slutten av desember. Kullet er typisk 10 egg som hoa rugar i ca. 27 dagar. Dei kan ha to kull i sesongen. Ungane er mørkt dunkledde ved klekking og flygedyktige etter ca. 60 dagar.
Populasjonen er estimert til mellom 180 000–1,2 millionar individ. (2006) Han har minka mykje dei siste tiåra.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads