Strukturformel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Strukturformel
Remove ads
Remove ads

Ein strukturformel er ein notasjon brukt innan kjemi for å visa korleis atoma er bundne til kvarandre i eit molekyl. Strukturformlar må ikkje forvekslast med den enklare typen kjemisk formel ein kallar summeformel, som berre viser talet på atom av kvart atomslag.

Thumb
Lewisstruktur for ein vassmolekyl.

Tekstbaserte strukturformlar kan vere nyttige når det ikkje er mogeleg å skrive ut molekyla grafisk. Til dømes kan etanol skrivast som CH3CH2OH

I ein lewisstruktur vert atomkjernane representerte ved forkortinga av grunnstoffet som det vert skrive i det periodiske systemet. Einskilde elektron vert skrivne ut som punkt. Elektronpar vert skrivne som strek. Ein enkelt strek mellom to atom motsvarar ei enkeltbinding, ein dobbelstrek motsvarar ei dobbelbinding og ein trippelstrek motsvarar ei trippelbinding.

Innan organisk kjemi er det vanleg at ein ikkje skriv bokstaven C ut for karbon, slik at karbonatomet ser ut som eit hyrne og at både hydrogentoma og bindingane deira vert forenkla. Om eit molekyl er stort og ein berre er interessert i den delen av molekylet som er innblanda i ein reaksjon, kan ein bruke bokstaven R for å vise til eit eventuelt framhald av molekylet. Ladningar er representerte av eit innringa plussteikn for positiv ladning eller eit innringa minusteikn for negativ ladning (ein ringar inn ladningane for å skilje dei frå plussteikna som vert nytta i reaksjonsformelane). Partielle ladningar vert representerte av den greske bokstaven Δ, delta, følgd av eit pluss- eller minusteikn.

Meir informasjon Andre framstillingar, Elektronformel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads