Stuttvenger

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Stuttvenger
Remove ads

Stuttvenger, Pnoepyga, er ei biologisk slekt av fem artar sporvefuglar endemisk for sørlege og søraustlege Asia. Slekta har lenge vore plassert i timalfamilien Timaliidae. Ein DNA-studie i 2009 av fuglar frå familiane Timaliidae og Sylviidae fann inga støtte for plasseringa av Pnoepyga-slekta i nokon familie, og forfattarar gav derfor framlegg om å oppføre slekta i ein ny monogenerisk familie, Pnoepygidae.[1] Familien har fått det norske namnet stuttvengfamilien, bokmål stuttvingefamilien. Denne litle slekta har ei vid utbreiing i høgtliggjande delar av Sør- og Søraust-Asia. Skjelstuttveng er funnen i fjellområda i Nord-India austover til sørlege Kina og det nordlege Vietnam. Taiwanstuttveng er endemisk for Taiwan, og tilsvarande har nepalstuttveng ei utbreiing avgrensa til hovudsakleg Nepal og litt inn i India. Den mest utbreidde arten er dvergstuttveng, som lever frå Kina og India sørover gjennom Søraust-Asia ut mot Den malaysiske halvøya og Indonesia så langt som til Flores og Timor.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Artslista

Pnoepyga i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer, Scaly-breasted Cupwing, Hodgson, 1837, (LC)
  • Sichuanstuttveng, Pnoepyga mutica, Chinese CupwingThayer & Bangs, 1912
  • Taiwanstuttveng, Pnoepyga formosana, Taiwan Cupwing, Ingram, 1909, (LC)
  • Nepalstuttveng, Pnoepyga immaculata, Immaculate Cupwing, Martens & Eck, 1991, (LC)
  • Dvergstuttveng, Pnoepyga pusilla, Pygmy Cupwing, Hodgson, 1845, (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads