Stylteløparar
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stylteløparar, er ei samnemning for nokre av vadefuglane i avosettfamilien, Recurvirostridae, som har langt, rettpeikande nebb og særs lange bein. Stylteløparar er spreidde på alle kontinent unntatt Antarktis. Habitatet deira er våtmarker med brakkvatn eller saltvatn i varmt eller særs varmt klima. Dei beitar vanlegvis på vasslevande insekt og andre smådyr og hekkar på bakken i lause koloniar. Desse fuglane har fjørdrakt i ein kombinasjon av svart og kvitt med svart overside. Eit unntak er den utdryddingstrua svartstylteløpar på New Zealand som er heilt svart. Svartstylteløpar skil seg òg frå dei andre artane ved at han ikkje er kolonihekkar.
Remove ads
Artslista
Stylteløparar er assosiert med slekta Himantopus, men beltestylteløpar er i si eiga slekt Cladorhynchus.
Stylteløparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Himantopus
- Stylteløpar, Himantopus himantopus
- Australstylteløpar, Himantopus leucocephalus
- Svartstylteløpar, Himantopus novaezelandiae
- Svartkronestylteløpar, Himantopus mexicanus
Slekt Cladorhynchus
- Beltestylteløpar, Cladorhynchus leucocephalus
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads