Styvi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Styvi er ein veglaus gard på austsida av Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland. Styvi har gardsnummer 58 i Aurland. Garden har truleg vore rydda før Svartedauden og husdyrhald har vore viktigaste drifta. Her ligg Styvi gardsmuseum som viser ymse gamle reiskapar og korleis ein gard vart driven i eldre tid. Styvi har berre éin fast innbyggjar, pensjonisten Botolv Hov. Det er han som har bygd opp og stelt i stand gardsmuséet. Det har vorte laga fjernsynsprogram om Botolv Hov og Styvi i den populære fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Styvi | |||
stad | |||
Styvi Foto: Christopher Macsurak | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Postnummer | 5748 STYVI | ||
Preposisjon | på Styvi | ||
Ferdselsårer | Ferje mai/september. | ||
![]() Styvi 60.941111111111°N 6.9361111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Styvi | |||
Postvegen
Staden har ikkje vegsamband til omverda, men det går ein gangveg fem og ein halv kilometer innover fjorden til omtrent på høgd med Bakka. Vegen vart bygd i 1660 og vart brukt som del av postrutenettet mellom Bergen og Oslo og var nytta når det var is på fjorden innom Styvi. Posten kom frå Bergen via Voss, Stalheim og Gudvangen til Bakka etter vegen, frå Bakka vart han so ført over fjorden til der vegen startar ved Bleiklindi på hi sida. Til dette hadde dei ein eigen båt når det var utrygg is. Så gjekk dei med posten til Styvi der gardbrukarane hadde tittelen postbønder og hadde til oppgåve å ro posten til og frå Lærdalsøyri. Styvi var del av postruta til dampbåtane kom og tok over i 1858.
Styvi har framleis eige postnummer, 5748 STYVI.
Kjelder
- Trude Knutzen: «Grenda Styvi» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Om Styvi på nettstaden kystled-sogn.no Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Om 5748 STYVI i poststadsdatabasen til Postmuseet på Maihaugen[daud lenkje]
- Oppslag på Styve i Aurland i matrikkelutkastet frå 1950
- Fjernsynsprogrammet om Styvi.
Bakgrunnsstoff
- Styvi i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Vidare lesnad
- Botolv Hov: Styvi i Nærøyfjorden – Skald forlag, 2006. ISBN 978-82-7959-078-1
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.