Sugar and Spice av The Searchers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sugar and Spice» er ein song frå 1963 av Merseybeat-bandet The Searchers, skriven av Tony Hatch under pseudonymet til Fred Nightingale.[1] Songen nådde andreplassen på den britiske hitlista (på Pye) og 44. plassen på den amerikanske hitlista.[2][3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Låtskrivaren og produsenten for «Sugar and Spice», Tony Hatch, hadde produsert dei førre singlane til The Searchers: ein cover av The Drifters sin «Sweets for My Sweet» som hadde nådd toppen av den britiske singellista. Hatch hadde skrive «Sugar and Spice» i same stil som «Sweets for My Sweet», og gav songen til The Searchers som ein song av den då ukjende låtskrivaren Fred Nightingale, sidan Hatch følte at gruppa ville avvise songen om dei visste at det var han sjølv som hadde skrive songen.

Den første linja i refrenget, «Sugar and spice and all things nice» er ein referanse til barneregla What Are Little Girls Made Of?, medan den andre linja i refrenget er tittele på ein kjend Pete Seeger/ Lee Hays-song kalla «Kisses Sweeter than Wine».

The Searchers spelte òg inn ein tyskspråkleg versjon av songen kalla «Süß ist sie» , og ein fransk versjon kalla «C'est de notre age». , gjeven ut i begge landa på det franske selskapet Disques Vogue.

Remove ads

Andre versjonar

Andree versjonar av songen er spelt inn av The Cryan' Shames i 1966.[4] Songen vart ein lokal og regional hit for bandet og han nådde etter kvart 49. plassen på Billboard Hot 100-lista.[5] The Cryan' Shames si utgåve av songen kom ut på samleplata Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads