Sula kommune

kommune i Møre og Romsdal From Wikipedia, the free encyclopedia

Sula kommune

Sula er ein øykommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.

«Sula» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sula (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Sula kommune
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Langevåg
Areal 58,51 km²
   land 57,06 km²
   vatn 1,45 km²
Folketal 9 759  (1. januar 2025)
Målform nynorsk
Ordførar Turid Kristin Sand Humlen (H) (2023)
Kommunenr. 1531
Thumb
Sula
62.424722222222°N 6.2061111111111°E / 62.424722222222; 6.2061111111111
Thumb
Kart som viser Sula kommune.
Kart som viser Sula kommune.
Wikimedia Commons: Sula, Norway
Nettstad: www.sula.kommune.no
Lukk
Thumb
Kommunesenteret Langevåg
Thumb
Sunde i Sula kommune
Thumb
Sula sett frå Hareid

Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.

Historie

Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har han såleis vore sidan 1. januar 1977.

Folketalsutvikling for noverande Sula kommune:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
632 1834 7070 9720

Næringsliv

Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.

Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.

Fiskerstrand verft

Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.

Kjende sulalendingar

Musikkgruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:

  • Ole Andreas Devold (1829-1892), industrieigar
  • Anton L. Alvestad (1883–1956), politikar og statsråd
  • Inga Tusvik (1914-1992), cand. phil., stortingsrepresentant for Venstre, rektor
  • Olga Marie Mikalsen (1915–2006), songar
  • Magne Lerheim (1929-1994), cand. jur., universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen
  • Jens Arne Molvær, (f. 1940), musikar
  • Tor-Johan Ekeland (f. 1949), psykolog
  • Stein Erik Tafjord (f. 1953), musikar
  • Runar Tafjord (f. 1957), musikar
  • Helge Førde (f. 1957), musikar
  • Jarle Førde (f. 1956), musikar
  • Jan Magne Førde (f. 1962), musikar
  • Nils Petter Molvær (f. 1960), musikar
  • Harald Devold (f. 1964), musikar
  • Gry Molvær Hivju (f. 1970), journalist
  • Annbjørg Lien (f. 1971), felespelar
  • Kåre Nymark (f. 1972), trompetist
  • Hild Sofie Tafjord (f. 1974), musikar
  • Robert Post (f. 1979), musikar
  • Tricia Boutté, tilflytta jazzvokalist
  • Lena Nymark (f. 1980), musikar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.