Sumpterner
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sumpterner (Chlidonias) er ei biologisk slekt av terner og medlem av måsefamilien, Laridae. Gruppa er representert på alle kontinent unntatt Antarktis. Svartterne er einaste representanten i Sør-Amerika, der ho er trekkfugl frå Peru til Guianaregionen, elles er ikkje denne gruppa utbreidd på kontinentet. Maoriterna er endemisk for New Zealand.
Remove ads
Skildring
Dette er små terner med relativt korte, breie venger og mindre kløfta haler enn til dømes Sterna-terner. Dei flyg med meir flakkande fluktretning enn andre terner og snappar byttedyr som insekt frå vassoverflata heller enn å stupdukke. Dei fangar òg småfisk. Kvitkinnsvartterner kan snappe insekt i lufta.[1]
Hekkehabitat ligg ved ferskvatn i innlandet.
- Artslista
Chlidonias i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Svartterne, Chlidonias niger, Black Tern
- Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, White-winged Tern
- Kvitkinnsvartterne, Chlidonias hybrida, Whiskered Tern
- Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads