Sundowner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein sundowner er ein nordleg frålandsvind, ein fønvind, i Santa Barbara i California. Han oppstår ved høgtrykk like nord for området, der kysten går aust-vest. Dette står i kontrast til den meir typiske pålandsvinden. Vindane er kraftigast når trykkgradienten står normalt på Santa Ynez-fjella, som ligg like bak Santa Barbara. Desse vindane kjem ofte før Santa Ana-vindar med ein dag eller to.[1]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads