Sundts veg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sundts veg
Remove ads

Sundts veg er ein blindveg på Nesttun og Skjold i Fana bydel i Bergen kommune. Store delar av vegen går òg langs grensa til Hop. Han går vestover frå Nesttunvegen til Skjoldnes og er 1,5 km lang.

Thumb
Sundts veg
Thumb
Skjoldnes i Sundts veg 57

Vegen er kalla opp etter forretningsmannen Lars Sundt (1862-1924) og namnet vart vedteke i 1947. Lars Sundt hadde eigedommen Skjoldhaug her frå 1902. Hovudbygningen var frå 1910, men vart riven i 1974 då Fritz C. Riebers veg vart lagt.

I Sundts veg 57 ligg Skjoldnes, heilt i enden av vegen. Skjoldnes vart skild ut frå Skjoldhaug. Huset her er frå 1925, teikna av Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø for Lars Phil Johannesen. Frå 1965 dreiv Stiftelsen Libertas staden som kursstad, før Bergen Jordmorhøgskole tok over i 1972. Huset vart rehabilitert i 1991 og i dag vert det drive kurs- og restaurantverksemd her.

Remove ads

Knutepunkt

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads