Nesttunvegen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nesttunvegen er ein veg i Fana i Bergen.[1] Han går sørover frå Paradisleitet til Skjoldskiftet der Fanavegen og Osvegen møtast.[1] Vegen er ein del av Fylkesveg 582, og tidlegare ein del av Europaveg 68, Riksveg 14, Riksveg 1 og Riksveg 582.[1] Han går gjennom Hop og Nesttun, og mellom anna Paradis haldeplass, Hop haldeplass, Nesttun terminal, Nesttun sentrum haldeplass og Nesttuntorget ligg langs vegen. Namnet vart vedteke i 1947.[1] Tidlegare var Østre Nesttunvegen ein sideveg til Nesttunvegen gjennom Nesttun sentrum, men vegen vart stengd for biltrafikk og bygd om til gågate i 2003, og som trasé for Bybanen i 2010.[2][3]
Remove ads
Knutepunkt
Paradisleitet
Tjernvegen
582 Troldhaugvegen
Sundts veg
185 Hardangervegen
E39
Skjoldskiftet - 582 Fanavegen, 181 Apeltunvegen, E39 Osvegen
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads