Sunndal kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad.
Sunndal har ca. 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.
I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca. 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.
Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.
Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.
Remove ads
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Sunndal kommune frå 1854:
- a Talet omfattar ikkje krinsen Ålvundfjord, som var del av gamle Stangvik kommune fram til 1965, då han vart overført til Sunndal kommune. Dette området hadde då 508 innbyggjarar.
Remove ads
Kjende folk frå Sunndal kommune
- Hagbard Emanuel Berner, politikar, redaktør, journalist, jurist
- Erik Almhjell (1883-1961), spelemann
- Gunvald Engelstad (1900-1972), arbeidsmann og politikar
- Leif Roar Falkum, f. 1949, lækjar og friidrettsutøvar
- Ingebrigt G. Forseth (1847-1938, lærar, gardbrukar og politikar
- Ole Gundersen Forseth (1838-1919), lærar og lokalhistorikar
- Aslaug Fredriksen (1918-2000), politikar
- Ada Hegerberg, f. 1995, fotballspelar
- Jon Larsson Håven (1816-1898), lærar, gardbrukar og politikar
- Tor Erik Jenstad, f. 1956, språkforskar
- Nils Magerøy (1883-1961), skulemann
- Lars Mæhle, f. 1971, forfattar
- Bersvend Martinusson Røkkum (1806-1867), gardbrukar og politikar
- Nils Trædal (1879-1948), prest og politikar
- Nils Ulvund, f. 1949, lærar, gardbrukar og nynorskmann
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads