Surprise av Paul Simon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Surprise er det ellevte studioalbumet til Paul Simon og det kom ut i mai 2006.

Meir informasjon Kritikk, Paul Simon-kronologi ...

Etter å ha hatt noko suksess med You're the One i 2000, som han vart nominert til Grammy-prisen for «Årets album» for, la han ut på turne, mellom anna i lag med Art Garfunkel som Simon & Garfunkel i 2003 og 2004. I 2004 starta Simon arbeidet det nye albumet og vart introdusert for produsenten Brian Eno.

Albumet vart spelt inn i London, New York og Nashville. Simon møtte først Brian Eno i London for å diskutere korleis dei skulle blande den elektroniske produksjonen til Eno med den akustiske gitaren til Simon.[1] Eno vart til slutt ikkje tilskriven som produsent, men for å ha skapt «lydlandskap». Simon var takksam for dette på albumet: «Å arbeide med Brian Eno opnar døra til ei ny verd med lydmessige mogelegheiter; samt at han er ein flott fyr å ha med seg i studio, eller i livet for den saks skuld. Eg hadde det verkeleg kjekt.»[2]

Surprise fekk positiv kritikk hos dei fleste kritikarane. Det fekk 78/100 på Metacritic, basert på 23 profesjonelle meldingar. Simon la ut på turne etter albumet kom ut for å gjere reklame for det. Albumet selde ganske godt og nådde 14. plass på den amerikanske albumlista, medan det i Storbritannia gjekk til fjerdeplass og i Noreg nådde det 20. plass.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads