Sustenpasset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sustenpasset
Remove ads

Sustenpasset er ein fjellovergang i dei sveitsiske Alpane, mellom kantonane Bern og Uri. Sjølve fjellskardet er på 2 264 meter over havet, medan fjellvegen gjennom Sustenpasset går i ein 300 meter lang tunnel, i opp til 2 224 meter over havet. Fjellvegen, som knyter saman Innertkirchen i kantonen Bern med Wassen i Uri, stod ferdig i 1946, etter åtte års arbeid.

Thumb
Sustenpasset, med tunnelinngangen på Bernsida

Ordet «sust» tyder handel eller varelager. Over Sustenpasset gjekk allereie i mellomalderen ei reiserute for handelsfolk.

Reiseruta over Sustenpasset er populær mellom turistar, særleg for utsynet mot isbreen Steingletscher på sørsida av passet.

Den 45 km lange fjellvegen over Sustenpasset er vinterstengd frå november til mai.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sustenpasset


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads