Dei sveitsiske Alpane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dei sveitsiske Alpanemap
Remove ads

Dei sveitsiske Alpane (tysk Schweizer Alpen, fransk Alpes suisses, italiensk Alpi svizzere, retoromansk Alps svizras) er den delen av Alpane som ligg innanfor Sveits. Sidan dei ligg sentralt til heile den alpine fjellkjeda vert dei stundom òg kalla Dei sentrale Alpane. Den høgaste toppen i Dei sveitsiske Alpane er Monte Rosa (4 634 moh) nær grensa til Italia. Det høgaste fjellet som ligg heilt innanfor dei sveitsiske landegrensene er Dom (4 545 moh).

Thumb
Satellittbilete over Sveits i oktober 2002. På nordsida av Alpane er områda over 2000 moh dekte av snø. Kantonen Ticino (på sørsida) er nesten snøfri om hausten.

Sidan mellomalderen har ferdsel over Alpane spelt ei viktig rolle i historia. Regionen nord for Sankt Gotthard-passet vart kjernen i Det sveitsiske eidssambandet tidleg på 1300-talet.

Remove ads

Geografi

Thumb
Dei sveitsiske Alpane sett frå dei sveitsiske Jurafjella.

Alpane dekkjer 60% av arealet til Sveits (41 285 km²) som derfor er eit av dei mest alpine landa. Trass i at Sveits berre dekkjer om lag 14 % av det totale arealet til Alpane (192 753 km²),[1] er 48 av 82 fjell i Alpane over 4000 meter i Dei sveitsiske Alpane og resten ligg innanfor 20 km frå landegrensa.

Isbreane i Dei sveitsiske Alpane har eit samla areal på 1230 km² (3% av Sveits), og utgjer 44% av alle isbreane i Alpane (2800 km²).

Dei sveitsiske Alpane ligg sør for Det sveitsiske platået og nord for landgrensa. Grensa mellom Alpane og platået går frå Vevey ved breidda av Genfersjøen til Rorschach ved breidda av Bodensjøen, nær byane Thun og Luzern.[2]

Fjellkjeder

Alpane er vanlegvis delt inn i to delar, Dei vestlege Alpane og Dei austlege Alpane, som er delt langs Rhinen frå Bodensjøen til Splügenpasset. Dei vestlege fjellkjedene utgjer den størstedelen av Sveits, medan den større austlege fjellkjeda i Sveits berre omfattar kantonen Graubünden. Sistnemnde er ein del av Dei sentrale Alpane, bortsett frå Ortleralpane som høyrer til Dei sørlege kalksteinsalpane. Wallis- og Bern-Alpane og Berninafjella er dei høgaste fjellkjedene i landet og inneheld høvesvis 38, 9 og 1 topp over 4000 moh. Den lågaste fjellkjeda er Appenzelleralpane som er 2 500 moh på det høgaste.

(*) ligg utanfor hovudkjeda

Dei vestlege Alpane

Thumb
Kart over dei vestlege sveitsiske Alpane

Dei austlege Alpane

Thumb
Kart over dei austlege sveitsiske Alpane

Hydrografi

Elvar

Thumb
Rhinen-kløfta i Graubünden

Nordsida av Dei sveitsiske Alpane vert drenert av Rhone, Rhinen og Inn (som høyrer til nedslagsfeltet til Donau), medan sørsida hovudsakleg vert drenert av Ticinoelva (som høyrer til nedslagsfeltet til Po). Elvane på nordsida renn ut i Middelhavet, Nordsjøen og Svartehavet, og på sørsida renn Po ut i Adriahavet. Det store tredoble vasskiljet i Alpane ligg innanfor landet. Desse er Piz Lunghin, Witenwasserenstock og Monte Forcola. Mellom Witenwasserenstock og Piz Lunghin går Det europeiske vasskiljet som skil nedslagsfelta til Atlanterhavet (Nordsjøen) og Middelhavet (Adriahavet og Svartehavet). Det europeiske vasskiljet ligg faktisk berre delvis i hovudkjeda. 6% av ferskvatnet i Europa ligg i Sveits, og vert stundom kalla «vasstårnet i Europa».

Innsjøar

Thumb
Lac des Dix i Valais

Sidan dei høgaste demningane ligg i alpine regionar, er mange av fjellvatna i Sveits kunstige og vert nytta som vassreservoar.[3] Somme kunstige innsjøar ligg over 2 300 m, men naturlege innsjøar større enn 1 km² ligg generelt under 1 000 m (med unntak av innsjøane i Engadin som Sils-sjøen og Oeschinensee i Bernse Oberland). Smeltande lågtliggande isbrear kan stundom skape nye innsjøar, som den 0.25 km² store Triftsee som vart danna mellom 2002–2003.

Høgdenivå

Tabellen under[4] gjev flatevidda over 2000 m og 3000 m og den respektive prosentdelen av det totale arealet i kvar kanton med høgder over 2000 moh.

Meir informasjon Kanton, Land over 2000m i km² ...
Remove ads

Galleri

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads