Suva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Suva er hovudstaden og den største byen i Fiji. Byen ligg på søraust-kysten av øya Viti Levu.
Remove ads
Historie
Suva var opphavleg ein landsby på Fiji-øyane. Fiji vart ein britisk koloni i 1874, og britane gjorde offisielt Suva til hovudstad i staden for Levuka i 1882. I oktober 1910 fekk Suva bystatus og vart med det den fyrste byen på Fiji. Suva har utvikla seg til å få mange forstader og har vorte eit større metropol-område. Suva er ein av dei største byane i Sør-Stillehavet.
Innbyggjarar
Suva er den viktigaste hamnebyen på Fiji. Han eksporterer m.a. sukker og frukt. Folket i Suva er for det meste fjianarar og indo-fijianarar, men også europearar, kinesarar m.m.
Bygningar
I Suva finst University of South Pacific, Fiji Museum, den botaniske hagen Thurston Gardens pluss eit stort shoppingsenter.
Transport
Transportsystemet i Suva består for det meste av bussar og drosjar. Det går også ferjer herifrå til dei andre Fiji-øyane. På øya Viti Levu ligg også lufthamna Nausori International Airport.
Galleri
- Admiral Jellicoe landing at Suva, Fiji. Fotografi frå 1919
- Postkort frå Suva frå rundt 1950.
- Utsyn mot Suva hamn.
- Suva sentrum i 2015 med Prouds Triangle (Ivi Tree), Post Office og Ganilau House (TFL).
- Grand Pacific Hotel
- Ritz
- Carnegie Library
- Suva Picnic Park
Kjelder
- Suva i Store Norske Leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Suva» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads