Svartediket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svartediket er eit vatn som ligg i Bergen kommune i Hordaland. Det er ein del av drikkevassforsyninga til Bergen, og var kjelda til Noreg sitt første moderne vassverk i 1855. Vatnet vart ført under trykk til husstandane i byen via støypejernsrøyr, og folkesetnaden i Bergen kunne få innlagt vatn.
Svartediket ligg i dalføret mellom Ulriken og Fløyen. Isdalen, Hardbakkadalen og Våkendalen endar ned mot Svartediket.
Remove ads
Historie
Før demninga vart bygd låg det to vatn her, Alrekstadvatn og Isdalsvann, som låg i den nordaustlege delen av det noverande vatnet. Svartediket låg opphavleg i Årstad kommune og utbygginga kom i stand etter avtale med Årstad herredstyret og Bergen kommune.
Svartediksdammen fekk ei tappehøgde på 4,5 m, som var tilstrekkeleg i 1882. I 1868 kjøpte kommunen Øvre Møllendal og fekk slik bruksretten til Isdalsvann, Tarlebøvann, Langelivvann og Øvre Isdalsvann. Dammen vart vidare utbygd i 1882 med sikte på å forsyne byen med vatn i 90 dagar. Demninga vart då gjort tre meter høgare og Svartediket kunne regulerast til 7,7 m. I 1950-1954 gjorde ein ei ny utbygging og Svartediket vart heva med 11 meter til, totalt 18,7 m.
Hausten 2004 vart Svartediket råka av giardia-parasitten og ein reknar med at mellom 4000 og 6000 menneske vart råka. Opp til 400 av desse sleit med langtidsverknader i lang tid etterpå.[1] Vassverket som reiner vatnet frå Svartediket vart i ettertid oppgradert med UV-stråling, som mellom anna tar knekken på parasitten. På folkemunne vart Svartediket ein liten periode humoristisk kalla «Giardiasjøen».
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads