Svartkråke

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Svartkråke
Remove ads

Svartkråke (Corvus corone) er ein fugl i kråkefamilien med utbreiing i Europa og sentrale til austlege Asia. Etter ramn er ho den største sporvefuglen i utbreiingsområdet.

Kjappe fakta
Remove ads

Taksonomi

Autoritetar som BirdLife International og HBW Alive skildrar artstaksonet Corvus corone med utbreiing over heile Europa unntatt Island, og i tillegg gjennom eit breit belte tvers over Eurasia nord for Himalaya og sør til nordlegaste Kina og til stillehavskysten. HBW listar seks underartar: C. c. corone, C. c. cornix, C. c. sharpii, C. c. pallescens, C. c. capellanus og C. c. orientalis. Desse reknar den grå og svartfarga kråka som ein underart av svartkråke, Corvus corone. EBird/Clements Checklist, derimot, samlar dei seks taksona inn under to artar:[1]

  • Kråke (Corvus cornix) med underartane C. c. cornix, C. c. sharpii, C. c. pallescens, C. c. capellanus og
  • Svartkråke (Corvus corone) med underartane C. c. corone og C. c. orientalis

Det som er skildra som svartkråke i denne artikkelen er etter denne sistnemnde inndelinga.

Svartkråke og kråke som artar hybridiserer i kontaktsona med avkom som ei mellomform.[2]

Remove ads

Skildring

Fjørdrakta, nebbet og beina til svartkråke er beint fram svart. Unge fuglar kan ha innslag av svakt iriserande grøn eller lilla glans. Storleiken og kropsforma er mykje som hos kråke, rundt 44-51 centimeter i kroppslengd.[2] Liknande artar som svartkråka kan forvekslast med i utbreiingsområdet er kornkråke og ramn. Unge kornkråker kan vere mykje lik svartkråke, men skiljast lett på nebbforma og profil. Vaksne kornkråker får gråkvit hud ved nebbrota. Ramnar er vesentleg større enn svartkråker.

Utbreiing

Thumb
Kartskisse over Europa som indikerer fordelinga av svartkråker og kråker (hooded crow) på kvar side av ei kontaktsone (kvit linje) som skil dei to artane

Underarten C. c. corone, Linné, 1758

Hekkar i store delar av vestlege Europa, men ikkje på Island, i Irland, Skandinavia unntatt Sør-Danmark og ikkje i nordvestlege Skottland. Austgrensa omtrent gjennom Tyskland, Tjekkia, Austerrike og Nord-Italia. Fuglane i det sentrale Europa har ein tendens til å trekke sørover vinterstid.

Underarten C. c. orientalis, Eversmann, 1841

Utbreiinga har eit austleg tyngdepunkt i Japan, men kan elles treffast spreidd i Asia omtrent frå Kasakhstan til Kina.

Overvintringsområde finst blant anna i sørlege og søraustlege Kina og nordaustlege Iran.

Utbreiing i Noreg

Svartkråka er ikkje rekna som ein hekkefugl i Noreg.[2] Næraste faste hekkelokalitetar er Danmark og Skottland. Basert på registrerte einskilde observasjonar i «Artsobservasjoner» er svartkråke som streiffugl i framgang i landet med flest i Rogaland og Vest-Agder. Her har talet auka frå ca. 100 observasjonar i 2015 til ca. 750 i 2018.[note 1] Einskildindivid har vore registrerte i alle fylke.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads