Svein Johannessen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svein Johannessen (17. oktober 1937–27. november 2007) var ein norsk sjakkspelar.
Svein Johannessen blei utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) i 1961, som den andre frå Noreg med denne tittelen.[1]
Svein Johannessen blei Noregsmeister i sjakk fire gongar, i 1959, 1962, 1970 og 1973.[2] I 1959 blei han nordisk meister i sjakk i Ørebro, framom ei rekke sterke spelarar, den mest kjend den svenske stormeister Gideon Ståhlberg.[3]
Svein Johannessen var rekna som den sterkaste spelaren i Noreg frå han vart norsk og nordisk meister i 1959, og fram til Leif Øgaard tok over hegemoniet i 1974. Han spelte heile 10 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1956, 1960-1962-1964-1966-1968-1970-1972-1974 og 1978 og var førstebordspelar i 6 på rad, frå 1960 til 1970. [4] Svein Johannessen var aktiv sjakkspelar frå han som 14-åring dukka opp i si første landsturnering i Skien i 1952. Han vart junior-noregsmeister i 1954.[5] Han spelte sitt siste parti berre nokre veker før han døydde.
Mesteparten av tida var Svein Johannessen medlem i Oslo Schakselskap, der han også vart æresmedlem hausten 2007. Den internasjonale sjakkturneringa Sveins minneturnering har blitt arrangert i i Oslo i juni kvart år sidan 2008.
Øystein Brekke gav ut ein biografi over Svein Johannessen i 2009.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Øystein Brekke: Sjakkmesteren Svein Johannessen, Norsk sjakkforlag 2009, ISBN 978-82-90779-05-9
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads