Svele

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svele
Remove ads

Svele eller lapp er ei lita, og etter måten tjukk pannekake av mjøl, egg og surmjølk, karakterisert av at natron og hjortetakksalt vert nytta som hevemiddel, slik det skal kjennast på smaken av rettlege sveler.

Thumb
Svele

Sveler er populære som snøggmat og kaffimat. Dei vart selde til ferdafolket om bord i mange ferjer særleg i Møre og Romsdal, der sveler høyrde med til ferjereiser, og det gjekk gjetord om på kva ferjerute eller ferje det vart baka dei beste svelene.[treng kjelde] Svelene vart vanlegvis steikte på takke, men ein kan også bruka steikepanne.[1] Til serevering blir dei typisk smurde med smør og anten sukker, brunost eller syltetøy og bretta langs midten.

I 1971 byrja MRF å servera sveler om bord i ferjene som knytte saman samfunna i Møre og Romsdal. Seinare har denne skikken breidd seg utover resten av Vestlandet, der sveler er sterkt assosierte med ferjereiser.[2] Sal av sveler er også vanleg på ferjesamband i Nord-Noreg,[3] og ferjer i andre delar av landet, som dei til selskapet Bastø Fosen mellom Moss og Horten.[4]

Remove ads

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads