Svolvær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svolvær (norrønt Svǫlver, kanskje av svalr, ‘sval, kjølig’ eller samisk suolu, og ver, ‘fiskevær’[1]; nordsamisk Suolvearra, lulesamisk Spålavuolle) er ein by og administrasjonssentrum i Vågan kommune i Lofoten.
Tettstaden har om lag 4 100 innbyggjarar. Svolvær var tidlegare ein bykommune, men vart slegen saman med Vågan og Gimsøy kommunar til Vågan kommune i 1964. Svolvær fekk attende bystatusen sin 17. mai 1996.
Byen har daglege vitjingar av Hurtigruta og dagleg avgang med snøggbåtruta Nordlandsekspressen til Bodø, og enkelte dagar også til Narvik.
Remove ads
Kjende personar frå Svolvær
- Jack Berntsen (1940–2010), visesongar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads