Svoveldioksid

kjemisk sambinding From Wikipedia, the free encyclopedia

Svoveldioksid
Remove ads

Soveldiosksid med kjemisk formel SO2 er ein fargelaus gass som vert danna ved at svovel brenn. Svoveldioksid reagerer med oksygen og er lett løyseleg i vatn. Dette gjer at svoveldioksid kan medføre uønskte helseeffektar.

Thumb
Svoveldioksid-utslepp frå Halemaumau-krateret på Hawaii.

Reaksjonslikningar

Reaksjonslikninga viser at eit svovelatom kan reagere med oksygengass og danne svoveldioksid:
S + O2 → SO2

Reaksjonslikninga nedanfor viser at dersom svoveldioksid vert oppløyst i vatn, vert det danna svovelsyrling:
SO2 + H2O → H2SO3

Svovelsyrling kan igjen reagere med vatn og danne svovelsyre, som vist i reaksjonslikninga nedanfor:
2 H2SO3 + O2 → 2 H2SO4

Strukturformel og bindingstypar

SO2 er eit bøygd molekyl med C2v symmetrigruppe. Svovelatomet har eit oksidasjonstrinn på +4, ei lading på 0 og er omgjeve av 5 elektronpar og kan skildrast som eit hypervalent molekyl. Frå perspektiv av molekylorbitalteorien, er dei fleste valenselektrona bunde opp i S-O bindingar.

Thumb
Tre resonansstruktur av svoveldioksid

S-O-bindingane er kortare i SO2 (143.1 pm) enn i svovelmonoksid, SO (148,1 pm), medan O-O-bindingane er lenger i O3 (127.8 pm) enn i dioksigen, O2 (120,7 pm). Bindingsenergien er større i SO2 (548 kJ mol−1) enn i SO (524 kJ mol−1), medan han er mindre i O3 (297 kJ mol−1) enn i O2 (490 kJ mol−1). Desse dataa fører kjemikarar til å konkludere med at S-O-bindingane i svoveldioksid har ein bindingsorden på minst 2, som er forskjellig frå O-O-bindingane i ozon, som har ein bindingsorden på 1,5[1]

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads