Sweet Jane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sweet Jane» er ein song av The Velvet Underground, opphavleg på albumet Loaded frå 1970. Songen er skriven av frontmannen Lou Reed, som sidan spelte songen mykje på solokonsertane sine.
Då Loaded kom ut i 1970 var mellomspelet på songen redigert bort. Den fulle versjonen finst i boksen Peel Slowly and See og nyutgåva av Loaded: Fully Loaded Edition.
Songen finst òg på albuma Live at Max's Kansas City; 1969: The Velvet Underground Live; Peel Slowly and See; Live MCMXCIII; Loaded: Fully Loaded Edition; American Poet; Rock 'n' Roll Animal; Live: Take No Prisoners; Live in Italy; The Concert for the Rock and Roll Hall of Fame; Rock and Roll: an Introduction to The Velvet Underground; NYC Man (The Ultimate Collection 1967–2003); Live on Letterman: Music from The Late Show og Berlin: Live At St. Ann's Warehouse.
Remove ads
Historie
Den første versjonen av «Sweet Jane» vart gjeven ut tidleg i 1970 og finst òg på Loaded: Fully Loaded Edition. I 1974 vart ein tidlegare neddempa kosnertversjon spelt inn i 1969 gjeven ut på 1969: The Velvet Underground Live. Eit anna konsertopptak med lengre intro vart spelt inn i desember 1973 på Reed sitt Rock 'n' Roll Animal, som kom ut i 1974.
Andre versjonar
- 1972: Mott the Hoople på det David Bowie-produserte albumet All the Young Dudes. Han vart òg gjeven ut som singel i Canada, Nederland, Portugal, Spania og USA.
- 1972: Framført under 'Save the Whales'-konserten den 8. juli i London som ein duett mellom Lou Reed og David Bowie.[1]
- 1973: Brownsville Station på albumet Yeah!
- 1985: The Afflicted (Good News About Mental Health)
- 1987: Annabel Lamb på albumet Brides.
- 1988: Cowboy Junkies på The Trinity Session. Seinare gjeven ut som singel og nytta i filmmusikken til Natural Born Killers. The Cowboy Junkies sin versjon er basert på den langsamare, eldre versjonen som finst på 1969: The Velvet Underground Live. Lou Reed sjølv har skildra dette som «den beste og mest autentiske versjonen eg har høyrt».[2]
- 1989: 2 Nice Girls i lag med Joan Armatrading-songen «Love and Affection».
- 1994: Lone Justice for Radio 1 Live.
- 1997: The Sugarcubes på albumet Cover Me.
- 1998: Phish på albumet Live Phish Volume 16.
Andre son har spelt songen er The Kooks, Jim Carroll Band, Red Hot Chili Peppers og Lou Reed i lag med Metallica.
Remove ads
Rangeringar
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 335. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.
I mars 2005 plasserte Q «Sweet Jane» på 18. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane.
Guitar World rangerte «Sweet Jane» på 81. plass på lista si over dei 100 største gitarsoloane[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads