Sykehus til Alta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sykehus til Alta er ei valliste i Finnmark som stilte til stortingsvalet 2013. Lista gjekk til val på ei lokalpolitisk sak: det å få til ein ny sjukehusstruktur i Vest-Finnmark med sentrum i eit nytt, moderne, sjukehus i Alta.

Initiativet starta som ei gruppe med same namn på Facebook. I januar 2013 vart ein invitert til å «like» gruppa for å vise at ein ønskte at det skulle arbeidast for ei eiga stortingsliste. To veker seinare samla lista inn 1 467 underskrifter og vallista vart godkjend av Finnmark fylkesvalgstyre 6. mai 2013.[1]

Det var ti namn på vallista, der ni kom frå Alta og ein frå Karasjok. Lista skulle opphøyre dersom ho ikkje fekk inn representantar på Stortinget til valet i 2013. Som listetopp stod Raymond Londal.[2][3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads