Sykkeltur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sykkeltur
Remove ads

Sykkeltur, tursykling eller sykkelturisme er turar ein utfører på sykkel. Formålet kan vera turisme, rekreasjon, mosjon eller idrett.

Thumb
Sykkeltur i Cordillera del Paine

Historie

Thumb
Sykkeltur på velociped i 1887.
Thumb
Mann og kvinne i sykkelklede frå 1800-talet.

Allereie med tidlege løpesyklar la ein ut på lengre turar. Historikaren James McGurn fortel om veddemål inngått i London på 1800-talet om slike syklar kunne vera raskare enn hestedrivne diligensar, og ein slik syklist skal ha vore ein halvtime raskare framme i Brighton enn postvogna, som tok fire timar.[1] Fleire 15- til 17-åringar reiste rundt i Frankrike på dresinar på 1820-talet. 17. februar 1869 sykla John Mayall, Charles Spencer and Rowley Turner frå Trafalgar Square i London til Brighton på 15 timar over 53 miles. The Times sendte ein reporter til å følgja dei i ei vogn, og rapporterte om storverket som ei «Extraordinary Velocipede Feat». Tre syklistar la ut frå Liverpool til London, ei reise på tre dagar. Ei avis rapportrerte:

Their bicycles caused no little astonishment on the way, and the remarks passed by the natives were almost amusing. At some of the villages the boys clustered round the machines, and, where they could, caught hold of them and ran behind until they were tired out. Many enquiries were made as to the name of 'them queer horses', some called them 'whirligigs', 'menageries' and 'valparaisons'. Between Wolverhampton and Birmingham, attempts were made to upset the riders by throwing stones.[2]

Utviklinga av sykkelen frå ein maskin ein sjølv måtte dytta med føtene til ein som blei driven ved hjelp av pedalar på framhjulet gjorde det lettare å sykla lange distansar. Ein syklist som kalla seg sjølv «A Light Dragoon» fortalde om ein tur frå Lewes til Salisbury, på kryss av Sør-England, i 1870 eller 1871, i boka Wheels and Woes. Mannen og kona Joseph Pennell (illustratør) og Elizabeth Robins Pennell (forfattar) gav ut reiseskildringar av reisene sine som litterære valfartar; dei sykla ein tandem-trehjulssykkel frå Firenze til Roma, der kona fekk meir merksemd enn ho like som kanskje den fyrste kvinnelege syklistar italienarane hadde sett.[3]

Reiser med sykkel blei lengre og meir eventyrlege. Thomas Stevens, som skreiv for San Francisco Chronicle, drog avgarde på ei reise rundt jorda 22. april 1884, på ein Columbia-sykkel. Reisa hans varte i to år og artiklane hans blei seinare gjevne ut i bokform i to band. Feministen Annie Londonderry utførte ei jordomsykling som fyrste kvinne i 1894–95.[4][5][6]

I 1878 var tursykling blitt så utbreidd i Storbritannia at det blei danna ein klubb for interesserte, Bicycle Touring Club, seinare Cyclists' Touring Club.[7] Medlemmar kunne sykla i uniform, ofte i lag med ein hornblåsar som kunne gje lydsignal om retningsendringar eller få gruppa til å stoppa.[8]

CTC inspirerte franske Paul de Vivie til å grunnleggja det som blei Fédération Française de Cyclotourisme, verdas største sykkellag, og skipa det franske ordet cyclo-tourisme. I USA blei League of American Wheelmen grunnlagd i Newport i Rhode Island i 1880, som tok for seg både tursykling og sykkeltevlingar. Medlemskapen nådde 103 000 i 1898.[9]

Remove ads

Sykkelturar i Noreg

Nokre kjende sykkelturar i Noreg er:

Sjå òg

  • Sykkeltilhengjar
  • Sykkelpakking
  • Sykkelrute

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads