Sylfar
kolibrislekt i Sør-Amerika From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sylfar er ei biologisk slekt Aglaiocercus av kolibriar med tre medlemmer som samla har eit leveområde i ei smal stripe langs Andesfjella frå Venezuela til Bolivia, samt kystfjella i Turimiquire-massivet, nordaustre Venezuela. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.
Namnet Aglaiocercus er frå gresk: aglaia «ven, prakt» samansett med kerkos, «hale».[1]
Remove ads
Skildring
Dette er tre artar som er lett kjennelege og skil seg frå alle andre kolibriar. Nebbet er rettpeikande og kort, hannfuglane har ein ekstremt fager, fargerik, særs lang og kløfta hale. Hoene er totalt annleise, har normal lengde på halen og kvit strupe flekka med grønt, men friske, kanelfarga til gulbrune farger på buken.[2]
Reiret er vanlegvis festa til ein kvist eller grein, forma som ein overgygd moseklump, med ein sideinngang og ein hale av mose hengande under. Hannen til andessylfe deltek i ritualisert reirbygging. Hoa legg to kvite egg, hoa rugar aleine i rundt 15 til 17 dagar. Ungane forlèt reiret etter omtrent 21 til 30 dagar.[3][4] (Andessylfe og celestsylfe)
IUCN har kategorisert breihalesylfe som sterkt truga (EN), dei andre to som livskraftige artar (LC).[5]
Remove ads
Galleri
- Andessylfe, Aglaiocercus kingii, austsida av Andes, EcuadorFoto: Joseph C Boone
Artslista
Sylfar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]
- Andessylfe, Aglaiocercus kingii, Long-tailed sylph, (Lesson, RP, 1832), (LC)
- Austsida av Andes i Colombia nordover til kystfjella i Venezuela vest, og sørover langs austsida av Andes gjennom Ecuador, Peru til sentrale Bolivia (Cochabamba) i høgder på 900-3000 moh. Hoa ca. 10-11 cm, og hannen 16-19 cm.[4]
- Celestsylfe, Aglaiocercus coelestis, Violet-tailed sylph, (Gould, 1861), (LC)
- Vestsida av vestlge fjellkjeda av Andes i Colombia og Ecuador, rundt 1000 moh. Storleik ca. 9,5 cm og 18-21 cm.[3]
- Breihalesylfe, Aglaiocercus berlepschi, Venezuelan sylph, (Hartert, EJO, 1898), (EN)
- Turimiquire-massivet, nordaustre Venezuela. 1450-1800 moh. Storleik hoe og hann ca. 10 cm og 22 cm.[9]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads