Symfoni nr. 13 av Mozart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar.[1] Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument.[2] Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart.[1] Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»[3]

Kjappe fakta Periode, Komponert ...
Remove ads

Satsar og instrumentering

Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]

  1. Allegro, 3/4
  2. Andante, 2/4
  3. Menuett og Trio, 3/4
  4. Molto Allegro, 3/8

Framføring

Den første framføringa var truleg på ein konsert med Leopold og Wolfgang Mozart i bustaden til Albert Michael von Mayr, den 22. eller 23. november 1771.[1] På denne konserten kan ein òg kanskje for første gong ha høyrt Mozarts 12. symfoni.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads