Symfoni nr. 18 av Haydn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Symfoni nr. 18 av Haydn
Remove ads

Symfoni nr. 18 i G-dur, Hoboken I/18, er ein symfoni av Joseph Haydn. Det er usikkert når han vart komponert. Breitkopf-katalogen forsikrar om at han ikkje vart skriven seinare enn 1766, men dei fleste forskarane trur at han vart skriven minst eit par år før dette, truleg mellom 1757 og 1764.[1][2]

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...
Remove ads

Satsar

Symfonien er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo.[3] Sjølv om symfonien er i tre satsar, vert han stundom kategorisert som ein sonata da chiesa på grunn av ein heil langsam opningssats.[4] Dei tre satsane er:

  1. Andante moderato, 2/4
  2. Allegro molto, 4/4
  3. Tempo di Menuett, 3/4, G-dur - G-moll - G-dur

Opningssatsen er skriven som ein triosonate med to melodilinjer over ein sjølvstendig bass.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads