Symfoni nr. 2 av Haydn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Symfoni nr. 2 i C-dur, Hoboken I/2, av Joseph Haydn meiner ein vart skriven ein gong mellom 1757 og 1761.

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Han er instrumentert for to oboar, fagott, to valthorn, strykarar og continuo.[1] Som mange av dei tidlegaste symfoniane til Haydn og andre komponistar på denne tida, er han i tre satsar:

  1. Allegro, 2/2
  2. Andante i G-dur, 2/4
  3. Presto, 3/8

I den andre satsen er blåseinstrumenta utelatne og fiolinane speler i sekstandedelsnotar frå start til slutt der mønsteret stadig vert broten ved hjelp av triolar.[2] Partiet for bratsjane i denne langsame satsen er fantasilaus, sidan dei følgjer basspartiet heile vegen[3] (t.d., «col basso», som var vanleg i denne perioden). Den siste satsen er «det første forsøkt til Haydn på ein symfonisk rondo»[4] Han er den einaste av symfoniane til Haydn som ikkje inneheld gjentakingsteikn[5]. Det er òg ein av dei kortaste symfoniane hans, og framføringane varer vanlegvis mindre enn ti minuttar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads