Symfoni nr. 38 av Mozart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Symfoni nr. 38 av Mozart
Remove ads

Symfoni nr. 38 i D-dur, K. 504, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1786. Han hadde premiere i Praha den 19. januar 1787,[1][2] eit par veker etter at Le nozze di Figaro opna der, og vert populært kalla Praha-symfonien. Mozart har sjølv skrive 6. desember 1786 på det signerte partituret.[2]

Kjappe fakta Periode, Komponert ...

Andre verk skrivne av Mozart om lag på same tid er pianotrio i B-dur (K. 502, fullført 18. november 1786, og pianokonsert nr. 25 (K. 503), fullført 4. desember 1786.

Remove ads

Praha

Sjølv om populariteten til Mozart hos innbyggjarane i Wien gjekk opp og ned, var han alltid populær hos bøhmarane og han hadde ein fast tilhengjarskare i Praha. Eit stykke i Prager Neue Zeitung der tid etter Mozart døydde syner dette: «Mozart ser ut til å ha skrive for folket i Bøhmen. Ingen stad forstår ein musikken hans betre enn i Praha, og sjølv på landsbygda er musikken hans høgt verdsett.»

Remove ads

Form

Praha-symfonien er instrumentert for to fløyter, to oboar, to fagottar, to horn, to trompetar, pauke og strykarar.[3]

Verket har tre satsar:

  1. AdagioAllegro, 4/4 (Sonateform)
  2. Andante i G-dur, 6/8 (Sonateform)
  3. Finale (Presto), 2/4

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads