Symfoni nr. 3 av Haydn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Symfoni nr. 3 i G-dur, Hoboken I/3, av Joseph Haydn vart skriven mellom 1760 og 1762.
Han er skriven for to oboar, fagott, to valthorn, strykarar og continuo.[1] Han var ein av dei første symfoniane som hadde fire satsar:
- Allegro, 3/4
- Andante moderato i g-moll, 2/4
- Menuett og trio, 3/4
- Allegro, alla breve
Blåseinstrumenta er ikkje med i den langsame satsen[2]
Menuetten er i seg sjølv ein kanon, mellom høgare og lågare stemmer i eit intervall over ein enkelt takt. Haydn skulle seinare skrive ein liknande kanon i menuetten i hans 23. symfoni og liknande kanonar vart seinare skrivne i G-dur-menuettar av Michael Haydn og Mozart.[3] Enno seinare utvikla Haydn sjølv denne teknikken til «Kanonar i toneregister» i menuetten i Trauer-symfonien hans og «Heksemenuetten» i hans Strykekvartett i d-moll frå Op. 76.
Finalen er òg kontrapunktisk. Det er ein fuge med to tema som òg inneheld element frå sonateforma.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
