Symfoni nr. 7 av Haydn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Symfoni nr. 7 av Haydn
Remove ads

Symfoni nr. 7 i C-dur, Hoboken I/7, er ein symfoni av Joseph Haydn, stundom kalla «Le midi» (Middag). Symfonien vart mest truleg komponert i 1761 i lag med to andre, no. 6 og 8, som ein dagtriologi.[1]

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Han er instrumentert for 2 fløyter, 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo, [2] og har mange concertando-trekk. Faktisk har hovudutøvarane av kvar strykarseksjon soloar., medan blåsarane har forholdsvis vanskelege parti.[3] Verket er i fire satsar:

  1. Adagio, 4/4 - Allegro, 3/4
  2. Resitativ: Adagio, 4/4
  3. Menuett und Trio, 3/4
  4. Finale: Allegro, 2/4

I motsetnad til soloppgangen i Le matin, er den langsame opningssatsen her ein seremoniell marsj.[4]

Den langsame satsen byrjar som eit utvida «resitativ» i c-moll med ein solofiolin. Adagioen følgjer i G-dur med solofiolin og solocello med parti for fløyte som fargar instrumenteringa. Satsen endar med ein utvida kadens for solofiolin og cello.[4]

Som den førre symfonien inneheld finalen fleire solopassasjar for nesten alle instrumenta, men her er han intensivert meir med soloar og tuttiar som ofte bytar nesten kvar takt. Reprisen er framheva av hornfanfarar.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads