Systermarihand
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Systermarihand (Dactylorhiza sambucina) er ein 20 cm høg orkidé. Han høyrer til marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]
Systermarihand | |||
Status i verda: | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. sambucina | ||
Vitskapleg namn | |||
Dachtylorhiza sambucina
(Linné) Soó | |||
Økologi | |||
Habitat: | tørre bakkar, eng | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Remove ads
Utsjånad
Systermarihand har breie, butte blad og hol stengel. Planten blomstrar tidleg om våren, før vårskjerpen gjer marka tørr – i mai i Sverige og Danmark, i juni i Noreg. Plantar med purpurraud og lysgule blomstrar veks om ein annan, men i Noreg er det berre funne plantar med gule blomstrar. Blomstrane sit i eit tett aks med lange støtteblad.
Rotknollane - ei lys frå året og ein mørk frå fjoråret - skal likne to menneskekroppar som er klemte mot kvarandre, og kan ha gjeve opphav til namnet.
Remove ads
Utbreiing

Systermarihand veks på tørre bakkar og enger. I Noreg veks planten frå Arendal i sør til Sigdal i nord og frå Tinn i vest til Øvre Eiker og Lardal i aust, med ein isolert førekomst på Asmaløy, Hvaler, oppdaga i 2021.[2][3]
Arten finst òg, med båe fargeformene, i Sverige (status LC, svensk namn Adam och Eva),[4] i Danmark (EN, dansk namn hylde-gøgeurt)[5] og i Finland (VU, finsk namn seljakämmekkä).[6] Elles veks han i fjellområde andre stader i Europa.
I Estland var systermarihand (estisk namn leeder-sõrmkäpp) rekna som regionalt utdøydd (RE),[7] men i 2021 vart arten oppdaga på Saaremaa etter 120 år.[8]
Remove ads
Hybridar
Ein hybrid mellom systermarihand og skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × sambucina eller Dactylorhiza ×influenza)[9] er registrert i Uppland i Sverige,[10] men funna er ikkje verifiserte. Det er heller ikkje eit par eldre funn på Åland av hybriden mellom systermarihand og flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × sambucina eller Dactylorhiza ×altobracensis).[11][12] Nyare funn av ein hybrid med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × sambucina eller Dactylorhiza ×guillaumeae)[13] i Småland i Sverige[14] er heller ikkje verifiserte.
Kultur
Systermarihand er knytt til gammaldags driven kulturmark. Ho er avhengig av ugjødsla slåtteenger og beitemarker med god tilgang på lys. Med moderne jordbruk er dette kulturlandskapet truga, og systermarihand er derfor totalfreda i Noreg[15] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[16]
Systermarihand er fylkesblomster for Telemark.[17]
Referansar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads