T-Bone Walker

blues-artist frå USA From Wikipedia, the free encyclopedia

T-Bone Walker
Remove ads

Aaron Thibeaux «T-Bone» Walker (28. mai 191016. mars 1975) var ein USA-amerikansk bluesartist (gitarist, songar, pianist og komponist). Han er rekna som ein av dei sentrale pionerane innan bruk av elektrisk gitar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Liv

Walker var av afro-amerikansk og cherokee-avstamming. Foreldra Rance Walker og Movelia Jimerson var begge musikarar. Bluesartisten Blind Lemon Jefferson var ein ven av familien,[2] og Walker var ofte med som hjelpemann når Jefferson var rundt på speling.[1] Walker lærte å spela gitar, ukulele, banjo, fiolin, mandolin og piano av stefaren Marco Washington.[1]

Remove ads

I 1929 platedebuterte Walker med ein single på Columbia, «Wichita Falls Blues»/«Trinity River Blues». Han opptredde då under namnet «Oak Cliff T-Bone». På midten av 1930-talet spelte han på klubbar i Los Angeles, tidvis som songar og gitarist i jazzorkestret til Les Hite.[2]

Walker gifta seg med Vida Lee i 1935. Dei hadde tre born saman.

På 1940-talet og byrjinga av 50-talet kom ei rekkje plater med den etter kvart veldefinerte låten til Walker, blant anna «Mean Old World», «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)», «T-Bone Shuffle» og «Let Your Hair Down, Baby, Let's Have a Natural Ball».

Det kom ingen nye plater i siste halvdel av 50-åra. I 1960 kom likevel «T-Bone Blues», spelt inn i fleire omgangar i 1955, 1956 og 1959. Mot slutten av karrieren gav Walker så ut nokre kritikarroste plater, som «I Want a Little Girl», «Good Feelin'» (Grammy-pris 1971) og «Fly Walker Airlines».

Walker arbeidde heile tida med toppmusikarar, blant anna Teddy Buckner (trompet), Lloyd Glenn (piano), Billy Hadnott (bass) og Jack McVea (tenorsax).

Remove ads

I 1974 og 1975 hadde Walker fleire slag, og han døydde av lungebetennelse i mars 1975. Han er gravlagt i Inglewood i California.

Innverknad og omtale

Chuck Berry har omtalt Walker og Louis Jordan som dei som har påverka han mest. Walker var òg ein tidleg helt for Jimi Hendrix, og fleire av Hendrix sine spesialitetar – som speling med tennene – hadde Walker utført før han.[2]

The Allman Brothers Band hadde «Stormy Monday» som eit av sina favoritt live-nummer.

I 1980 blei Walker vald inn posthumt i Blues Hall of Fame, og i 1987 i Rockens æresgalleri (kategorien «tidleg innverknad»).[3]

Bladet Rolling Stone rangerte han som nr. 47 på ei liste over toppgitaristane gjennom tidene.

Remove ads

Utgjevingar

(utval)

  • T-Bona Blues, Atlantic (1960)
  • Good Feelin', Polydor (1970)
  • Fly Walker Airlines, Polydor (1973)
  • Very Rare, Reprise (1975)
  • The Complete Imperial Recordings 1950–1954, Imperial/EMI (1991)
  • T-Bone Shuffle (1998) – samlealbum

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads