Taiz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Taiz (arabisk تعز Taʿizz) er ein by i fjella i Jemen, nær den kjende hamnebyen Mokka ved Raudehavet. Han ligg kring 1400 meter over havet med fjellet Sabir like i nærleiken på 3006 moh. Han er hovudstaden i Taiz guvernement. Med eit folketal på over 600 000 i 2005, er han den tredje største byen i Jemen etter hovudstaden Sana og den sørlege hamnebyen Aden. Han vert rekna som kulturhovudstaden i Jemen.
Remove ads
Historie


Oversyn
I år 130 evt. vart det grunnlagd eit jødisk kvarter i byen.
Namnet på byen vart først nemnt på 1100-talet då Mahdi, bror til Salah ad-Din, kom til Jemen i 1173. Han bygde festningsverk i byen. Den andre rasulidekongen, Almaddhafar, gjorde på slutten av 1200-talet Taiz som den andre hovudstaden i Rasulid-dynastiet etter Zabid. Ibn Battutah vitja Taiz på 1300-talet og skildra han som ein av dei største og vakraste byane i Jemen.
Taiz heldt seg innafor bymurane fram til 1948, då imam Ahmed gjorde han til den andre hovudstaden i Jemen og let byen vekse utafor festningsmurane.
Under det jemenittiske opprøret i 2011 klarte regjeringsfiendtlege styrkar om å få kontroll over byen etter harde kampar. Den 22. mars 2015 tok houthiar og styrkar som var lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh byen etter statskuppet deira i Sana.[1]
Remove ads
Geografi
Klima
Taiz har eit tropisk savanneklima som er lett moderert av høgda. Den normale maksimumstemperaturen i august er 33 °C. Årsmiddelnedbøren i Taiz er kring 600 mm, men i fjellet Jabal Sabir i nærleiken kjem det truleg opp mot 1000 mm.
Remove ads
Økonomi
Tidlegare var Taiz kjend for kaffiproduksjon. Kaffien som vart produset i Taiz vart rekna som den finaste i regionen tidleg på 1900-talet.[4] Kaffien spelar framleis i stor rolle for økonomien til byen, men det vert òg dyrka mango, granateple, banan, papaya, grønsaker, korn, lauk og khat i landskapet kring byen.[5]
Av industriar i Taiz finn ein bomullsveving, garving og smykkeproduksjon.
Samferdsle
Taiz har vegsamband til resten av landet. Byen vert betjent av Taiz internasjonale lufthamn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads